Personellsatsar til bruk i langtidsplanlegginga i Forsvaret – metode for utrekning og satsar basert på rekneskapen frå 2011 til 2013
Abstract
Summen av lønnsutgifter og personellrelatert materiell, varer og tenester (til dømes proviant, sanitetsmateriell
og reiseutgifter) utgjer kvart år rundt halvparten av Forsvaret sine totale utgifter. Basert
på Forsvaret sin utgifts- og årsverksrekneskap har Forsvarets forskningsinstitutt på oppdrag frå
Forsvarsdepartementet i fleire år rekna ut personellsatsar til bruk i Forsvaret si langtidsplanlegging. I
takt med at desse personellsatsane har kome i stadig hyppigare bruk, og at dei har kome i bruk på
nye områder, er det eit behov for grundigare dokumentasjon av metode og satsar. Denne rapporten er
eit bidrag til dette.
I denne rapporten har vi kopla utbetalingar frå Forsvaret sin lønsrekneskap med årsverk frå Forsvaret
sin årsverksrekneskap for å lage personellsatsar til bruk i langtidsplanlegginga. Vi har fordelt årsverka
etter kvar i Forsvaret dei høyrer heime (kapittel), kva type personell det er tale om (avdelingsbefal,
yrkesbefal, overenskomstlønna, sivile, verva eller menige) og kor aktive avdelinga dei høyrer til
under er – høg aktivitet (til dømes Brigade Nord, ulike fartøy og ulike skvadroner), låg aktivitet (til
dømes krigsskulane og stab- og støttefunksjonar) eller FRIFLO (til dømes vedlikehald). Tabellen
under viser personellsatsar basert på denne nedbrytinga for eit utval kapittel. Tilsette i avdelingar med
høg aktivitet har i gjennomsnitt lågare grunnlønn, men høgare aktivitetsbaserte tillegg, enn tilsette i
avdelingar med låg aktivitet, medan FRIFLO-personell både har lågare grunnløn og lågare tillegg.
Dei store skilnadene mellom satsane er årsaka til at vi ynskjer å lage satsar med dette detaljnivået.
Hæren (1731) Sjøforsvaret (1732) Luftforsvaret (1733)
Høg Låg FRIFLO Høg Låg FRIFLO Høg Låg FRIFLO
Befal (A) 738 000 772 000 689 000 1 008 000 812 000 843 000 691 000 638 000 612 000
Befal (Y) 939 000 947 000 810 000 1 142 000 1 029 000 1 043 000 983 000 935 000 801 000
OVK - - 576 000 - - - - - 649 000
Sivile 623 000 741 000 602 000 - 743 000 706 000 - 676 000 585 000
Vervede 583 000 551 000 528 000 797 000 630 000 659 000 - 548 000 490 000
Menige 161 000 161 000 161 000 191 000 191 000 191 000 157 000 157 000 157 000
I denne rapporten går vi meir i detalj gjennom korleis satsane er bygde opp og korleis dei kan
brukast. Mellom anna kan eit årsverk i Luftforsvaret få utbetalingar både frå Luftforsvaret, men
også til dømes frå Redningshelikoptertjenesten. Denne flyten av pengar på tvers av kapittel kallar
vi kapittelvandring og er bygd inn i satsane. For langtidsplanlegging på kapittelnivå må ein justere
for dette for å få eit korrekt sluttresultat. Rapporten går også gjennom korleis fordele utbetalingar
som i utgangspunktet ikkje høyrer til eit årsverk, og korleis vi tek ut utgifter mellom anna knytt til
internasjonale operasjonar. Meir detaljerte personellsatsar er viste i kapittel 9 og tilhøyrande vedlegg. The sum of wage costs and personnel related goods and services constitutes about half of the total
Norwegian defence costs. Based on cost- and man-year accounts, the Norwegian Defence Research
Establishment has over several years calculated average personnel unit costs for use in defence
long term planning. The use of these unit costs have over the last few years become more and
more widespread, leading to a greater need for them to be thoroughly documented. This report is a
contribution to this need.
In this report, we calculate personnel costs for personnel categories (non-commissioned (NC) officers,
commissioned (C) officers, contract salary personnel (CSP), civilans and enlisted personnel), detailed
on defence branch and activity level – ”high” for active units, ”low” for less active units, management
and support, and ”FRIFLO” for certain support and maintenance units. This gives detailed unit costs
for personnel with different characteristics. High activity units typically have a lower base wage than
low activity units, but higher activity based wages, whereas FRIFLO units have both a lower base
wage and lower activity based wages. The table below gives the costs for combinations of personnel
category, activity level and some defence branches. The variation in costs underlines why we make
the distinction between activity levels and personnel categories.
Army (1731) Navy (1732) Air Force (1733)
High Low FRIFLO High Low FRIFLO High Low FRIFLO
Off. (NC) 738 000 772 000 689 000 1 008 000 812 000 843 000 691 000 638 000 612 000
Off. (C) 939 000 947 000 810 000 1 142 000 1 029 000 1 043 000 983 000 935 000 801 000
CSP - - 576 000 - - - - - 649 000
Civilans 623 000 741 000 602 000 - 743 000 706 000 - 676 000 585 000
Enlisted 583 000 551 000 528 000 797 000 630 000 659 000 - 548 000 490 000
Conscripts 161 000 161 000 161 000 191 000 191 000 191 000 157 000 157 000 157 000
This report contains a detailed description of how the unit costs are calculated and how they are used.
For example, Air Force employees can receive payments from the Air Force as well as from the
search and rescue helicopter branch. This flow of money across military branches, called chapter
migration, is included in the unit costs in the table above. If one does long term defence branch
planning, one has to adjust for this. This report shows how this is done. The report also describes how
we deal with money that cannot be attributed to man-years, and how we remove costs originating
from international operations. More detailed unit costs can be found in chapter 9 and in relevant
appendices.