Forsvarets moderne og motstandsdyktige digitale grunnmur – kritiske suksessfaktorar – Utvida samandrag av FFI-rapport 24/00074
Abstract
Eit viktig mål for Forsvaret er å få ein motstandsdyktig digital grunnmur. Kva bør
Forsvaret gjere på eit strategisk nivå for å oppnå det? For å svare på spørsmålet har
ein FFI-studie identifisert seks kritiske suksessfaktorar, og gitt ei rekke tilrådingar
for kvar faktor. Studien framhevar fire tilrådingar Forsvaret bør starte med.